Jølster Hotell 6. og 7. januar

Jølster Hotell av Jeff Pedersen Produksjonar

Onsdag 6. og torsdag 7. januar kl 19.00

Korleis skal ein skape seg ein ny heim på eit øydelagt fundament? Jølster Hotell er ei danseforestilling som foregår på eit asylmottak. Heile handlinga blir utspelt utan tekst, rundt bordet, gjennom ein middag, der ulike personar prøver å føle seg heime. Klarer dei med sine personlege opplevingar og traume å kome tilbake til eit normalt liv, å skape ein ny heim utan å svike det som ein måtte reise ifrå?

 

Stykket har henta inspirasjon frå boka "Jølster Hotell" av Katrine Sele.


Medverkande:
Jeff Pedersen, regissør
Camilla Svingen/ Syv mil, produsent
Silje Sandodden Kise, scenografi
Silje Grimstad, lysdesign
Steinar Skadal, lydtekniker
Jon Werede Hope, dansar
Anna Einemo Frøysland, dansar 
Berit Einemo Frøysland, dansar 
Nathalie Hast, dansar 
June Midttveit Olsen, sminkedesign
Ole Hamre, musikalsk rådgjevar
Katrine Sele, forfattar og rettleiar

 

Om situasjonen rundt koronarestriksjonar tillet det, vil publikum bli invitert til ei enkel servering rundt bordet etter framsyninga, av matkonsulent Kristina Iversen saman med kompaniet. 

 

Framsyninga passar for alle over 12 år

 

Publikum sit på scena, rundt handlinga, med ein meter avstand. Scenografien er tilpassa koronarestriksjonane. Maks 32 personar per framsyning. Billettane er unummererte. 


Billettpris 325 kr inkl. avg.