Jorda rundt på 80 dagar

Jorda rundt på 80 dagar med Opera Nordfjord

29. september - 10. oktober

Kor mange operaer passar inn i éin musikal?

 

Den kjende og populære romanen Jorden rundt på 80 dager av Jules Verne er sjølvsagt grunnlaget for musikalen med same namn, som skal ha norgespremiere i Operahuset Nordfjord 29. september 2021.


Solistlaget Magnus Dorholt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann-Helen Moen, Beate Mordal, Jan Erik Fillan, Camilla Stenhoff Vist og Trond Gudevold skal ta publikum med på ei fantastisk reise rundt jorda, der det meste kan skje!

 

Det kunstnariske teamet er godt i gang med å sørge for at framsyninga vert ein fryd for både auge og øyre: Regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, koreograf og regiassistent Toni Herlofson, scenograf Plamena Dicheva, lysmeister Ovar Holmen og rekvisitør Anndi Bergset har ei stor oppgåve i året som kjem, der dei kunstnariske idéane skal settast ut i livet med god hjelp av eit stort dugnadsapparat, operakoret og lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule.


For å komme i stemning og førebu publikum på kva som er i vente, kan vi allereie no røpe litt av historia: Den engelske gentlemannen Phileas Fogg inngår eit veddemål med konkurrenten Stuart: Han hevdar å vere i stand til å reise jorda rundt på utrulege 80 dagar! Saman med sin franske tenar Passepartout legg Fogg ut på reisa, medan detektiven Fionula Fix, engasjert av Stuart, følgjer etter for å skape problem for dei. Men det er ikkje berre Fionula som trugar Fogg sin nøye uttenkte tidsplan. I Paris hamnar han i duell for Den glade enke Hanna Glawari, i Roma fell Tosca i armane hans etter å ha hoppa frå Castel Sant'Angelo, i Suez blir han forført av Salome, i Beijing vil Prinsesse Turandot få han halshogd, i San Fransisco blir det masseslagsmål i saloonen til Minne i La Fanciulla del West, og på veg over Atlanteren vil den Flyvende Hollender konkurrere om Fionula sin kjærleik..


Operaen "Jorden rundt på 80 dager" vart uroppført på Den Norske Opera i 2010. Denne versjonen er ein ny, revidert musikalversjon, som hadde urpremiere på Landestheater Linz i Østerrike i 2016. Den vann fleire prisar, både den tyske og østerrikske musikkteaterprisen, mellom anna Beste Musikal begge stader.


Dette er ei reise, ikkje berre jorda rundt, men også operaverda rundt. Velkomen til ein fargerik og forrykande musikal for både musikal- og operaelskarar....og alle andre!

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varer i om lag tre timar inkludert pause

 

Billettprisar inkl. avg.: 
Ordinær 495 kr

Student/ungdom 375 kr

Barn til og med 14 år: 275 kr

Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no