Julehjerte med Vilde og Anna - avlyst!

Vilde og Anna må dessverre avlyse arrangementet 1. desember grunna sjukdom:

 

«Vi hadde gleda oss veldig til «Julehjerte» i Operahuset Nordfjord 1. desember. Derfor er vi veldig lei oss for at vi må avlyse framsyninga på grunn av sjukdom i næraste familie.
Vi kjem til å gje ut sangen «Julehjerte» likevel, fordi den har eit bodskap som er viktig for oss.
Ta vare på kvarandre og dine næraste!
Vilde og Anna <3»

 

Alle som har kjøpt billett til arrangementet, får sjølvsagt tilbake pengane:
Dei som har kjøpt på nett, får dei automatisk refundert. E-post er sendt ut til billettkjøparane.
Dei som har kjøpt på biblioteket, kontaktar oss på post@operahuset.no eller ringer biblioteket på tlf 918 58 980.

 

Operahuset Nordfjord beklagar avlysinga, men har full forståing for at Vilde og Anna ikkje kan gjennomføre eit så stort prosjekt no. Vi håpar å kunne invitere publikum til konsert med den dyktige duoen i 2020.

 

Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne til andre opplevingar i Operahuset Nordfjord, som til dømes «Den store julekonserten» med Opera Nordfjord, Alexander Pavelich mfl 6. og 7. desember. Sjekk her kva som skjer utover hausten og vinteren. Programmet blir stadig oppdatert.

 

Kontakt oss gjerne på post@operahuset.no om du har spørsmål! 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 01 des 15:00 Julehjerte med Vilde og Anna - avlyst Kjøp