Korona-informasjon
Korona-informasjon

Korona-informasjon

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane.

 

Viktig informasjon ved kjøp av billettar til kino og kulturarrangement: 

- Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar.

- Billettsystemet syter for at det står igjen eitt tomt sete mellom deg og neste billettkjøpar.

- Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett.

- Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.


Treng du hjelp eller har spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Kulturarrangement

Klikk her for programmet framover

 

Arrangementa i vår vart anten flytta, utsett eller avlyst:

Barnefestivalen 14. mars - avlyst

Trygve Skaug 15. mars -  flytta til søndag 6. september kl 19.00

Nordic Tenors 19. mars - flytta til søndag 30. august kl 19.00

Skulemusikalen SKJULT 26. og 27. mars, først flytta til 16. og 17. juni, så avlyst 

Svelekameratane i Gymmen 28. mars - utsett på ubestemt tid

Helgesenkoret 18. april - avlyst

SAGAS med Opera Nordfjord 24. april - flytta til 16. april 2021 

Vaffelhjarte 5. mai - avlyst

Pianokonserten med Greg Niemczuk 7. mai - flytta til 29. april 2021

Korpsstemnet 19. - 21. juni - avlyst

 

Billettar til flytta arrangement er gjeldande på ny dato. På avlyste arrangement er billettane refunderte. Dei som har kjøpt billettar på nett/app, har fått tilsendt e-post med informasjon. Dei som har kjøpt billettar på biblioteket eller i billettskranken, kan kontakte oss på post@operahuset.no

 

Kino

Stad kino opna igjen 14. mai, etter ein periode med lukka visningar. Det vert fortløpande lagt ut nye kinoframsyningar, tilpassa gjeldande smittevernsreglar. Les meir her. 

 

Bibliotek

Biblioteket opna igjen måndag 18. mai!

 

Opningstider sommarope bibliotek 15. juni - 16. august:
Måndag, tysdag og torsdag kl 10.00-15.00

 

Biblioteket vil ha nokre avgrensingar for besøkande for å overhalde smittevernreglane:

- Korte besøk
- Maks 15 personar i biblioteket samstundes
- Barn under 10 år må ha med føresette
- Lesesal/studieplass: avgrensa plassar
- Kun 1 PC til nettbruk/utskrifter (ikkje speling)
- Ta helst med lånekort!
- Bruk gjerne sjølvbetjent utlån
- Bestill gjerne bøker på førehand, så kan vi lage dei klart til du kjem
- Det er høve til å bestille fjernlån, men det kan ta noko lenger tid før bøkene kjem

 

Les meir her