Mannen frå La Mancha
Mannen frå La Mancha
Kjøp billett
30 sep
Kjøp billett
01 okt
Kjøp billett
03 okt
Kjøp billett
04 okt
Kjøp billett
06 okt
Kjøp billett
07 okt
Kjøp billett
09 okt
Kjøp billett
10 okt

Originaltittel: Man of La Mancha
Forfattar: Dale Wasserman
Musikk: Mitch Leigh
Tekst: Joe Darion
Regissør originalproduksjonen: Albert Marie
Nynorsk omsetjing: Hartvig Kiran

 

 

 

Mannen frå La Mancha, Opera Nordfjord

30. september - 10. oktober 

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord! Opera Nordfjord er klare til å gi publikum etterlengta scenekunstopplevingar til hausten.


Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.


Regissør for årets storsatsing er Aksel-Otto Bull frå Oslo, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av dirigent Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysmeister Arne Kambestad, koreograf Candice Bredesen og maskør Ingunn Schumann Mosand.


Solistlaget er ei spennande blanding av etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid og dyktige, lokale amatørar. Espen Langvik, tidlegare solist ved Den Norske Opera & Ballett, spelar sjølvaste Don Quixote. Tenaren hans vert tolka av Jan Erik Fillan. Eli Kristin Hanssveen er til dagleg ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett, for mange også kjend frå Stjernekamp for nokre år tilbake. Rolla som Aldonza er som skapt for henne. Øvrige solistar vert bassen Trond Gudevold, tenoren Erlend Tvinnereim, med slektsrøter frå Stryn, Eivind Kandal og Elisabeth Gimmestad frå Gloppen og Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid. I tillegg får vi gjensyn med fleire lokale talent; Rønnaug Torheim er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth, Håvard Kvammen Furnes og Rune Balsnes. Musikalen er definitivt ein ensemble-produksjon, der alle dei medverkande er tilstades og nærverande gjennom heile handlinga i eit intenst drama. Handlinga er vekselvis rå, brutal, morosam og djupt rørande, med vakker, spanskinspirert musikk. 

 

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.

 

Framsyninga varer i om lag tre timar inkl. pause. 

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen eitt tomt sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.


Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 495 kr

Student/ungdom 375 kr

Barn 275 kr

Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no