Nøtteknekkaren 25. og 26. jan

Nøtteknekkaren

Laurdag 25. januar kl 16.00
Søndag 26. januar kl 16.00

120 dansarar frå Ballettskulen i Ørsta og Volda set saman med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda opp Nøtteknekkaren i Operahuset Nordfjord! 

 

Nøtteknekkaren er ein av dei aller mest kjende ballettane i verda, og passar både for barn og vaksne. Balletten er basert på eventyret "Nøtteknekkeren og musekongen" skrive av den tyske, romantiske forfattaren E. T. A. Hoffmann i Berlin i 1816. Alexandre Dumas sin versjon av historia fra 1844 vart i 1892 gjort til ein ballett av Peter Tsjajkovskij, originalt koreografert av Marius Petipa og uroppført i St. Petersburg. 

 

Ørsta og Volda ballettskule sin versjon ligg nært opp til originalen, men med litt norsk vri.

 

Koreografiansvarleg: Analu Zidko
Dirigent for orkesteret: Michael Pavelich
Lysdesignar: Ovar Holmen

 

Framsyningane byrjar kl 16.00 og varer i om lag to timar pluss kort pause. 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Vaksne 390 kr

Born 190 kr

Studentar 190 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no