Oklahoma! Skulemusikalen 2019
Oklahoma! Skulemusikalen 2019

 

Oklahoma! 

Torsdag 28. februar kl 19.00
Fredag 1. mars kl 19.00
Laurdag 2. mars kl 15.00

Eid vidaregåande skule set i 2019 opp ein ekte westernklassikar som skulemusikal!

 

Vi er i Oklahoma, USA i 1906. Cowboyen Curly er forelska i den vakre Laurey som bur med tanta si, Eller. Den litt skumle gardsguten Jud er også forelska i Laurey. Både Curly og Jud vil ta ho med på dansen om kvelden, og her oppstår det sterke følelsar. Samtidig føregår det fleire romansar, det blir slåsting, dans, gevær, forvirring, pengeproblem og drama.


Dei mest kjende songane i stykket er «Oh, What a Beautiful Mornin» og «Oklahoma». Musikalen er skrive av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II og vart første gong sett opp på Broadway i 1943 og filmatisert i 1955. Norgespremieren var i regi av Det Norske Teateret allereie i 1949. Musikalen har sidan vore populær på fleire scener i Noreg og over heile verda.

 

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause. 


Billettprisar: 
Ordinær 350 kr
Barn 150 kr

Ungdom/student 150 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.