PANG! 22. mars

Riksteatret: PANG! 

Måndag 22. mars kl 19.00

Rolf Pang er ein sterk mann! Og ingenting – absolutt ingenting – kan hindre hans vei til toppen. Han er så utruleg fantastisk at han gjer sin eigen fødsel om til ein pressekonferanse. Aldri har så mange kome. Aldri har verda sett eit større geni enn han! Eit barn med så stort ego kan bli kva han vil, berre foreldra trur nok på han og verda anerkjenner hans enorme talent.

 

Dette utruleg sterke, manipulerande barnet vil opp og fram. Det får han til, godt hjelpt av familie, sosiale medium, fake news og testosteron. Uten han blir verda dødskjedeleg. Kloden krinsar rundt han, dette strålande eigenrådige evnerike barnet, denne grenseoverskridande mannen, perfekt i si timing og skarp i si forståing av andre sin veiskap. Ingenting kan stoppe han. Ikkje ein gong han sjølv.

 

Gled deg til ein annleis komedie! "Pang!" er blitt spelt på scener over heile Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret over heile landet. Her sparkast det i alle retningar, og ingen kan føle seg trygg!

 

På scena: Espen Alknes, Peiman Azizpour, Rebekka Nystabakk, Bartek Kaminski og Olav Waastad

 

Regissør Peer Perez Øian, scenograf Olav Myrtvedt, kostymedesignar Christina Lovery, lysdesignar Kai Roger Havn, komponist og lyddesignar Gaute Tønder og videodesignar Eilif Fjeld Teisbo

 

Av Marius von Mayenburg. Omsett av Øyvind Berg. Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng. Produsert av Riksteatret

 

Korona-oppdatering 20. januar: Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Vi ber dere om å gjøre publikum oppmerksom på at forestillingene er forbeholdt beboere i deres kommuner (og gi dem mulighet til å bli refundert for allerede kjøpte billetter). Riksteatret ved Julie Bjørkamo vil ta kontakt med skoleklasser som har fått billetter via billettfondet og gjøre dem oppmerksom på den nye ordningen. Vi ber dere om å ta kontakt med eventuelle skoleklasser fra nabo-kommuner som har kjøpt billetter direkte hos dere.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varer i om lag 1 time 40 min, ikkje pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 395 kr

Honnør 320 kr

Under 30 år 175 kr

Samarbeidspartnarar 320 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

Coop-medlem 295 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 22 mar 19:00 Riksteatret: PANG! 395 Kjøp