Russerevyen fredag 25. og laurdag 26. januar
Russerevyen fredag 25. og laurdag 26. januar

Russerevyen 2019

Fredag 25. januar kl 19.00
Laurdag 26. januar kl 17.00

Operahuset Nordfjord fyller magiske ti år. Dette vil dei feire med ein storslagen fest for heile bygda. Gjennom ti år med operahus har mykje skjedd, og det blir tilbakeblikk på dei største og viktigaste hendingane med kjende fjes frå heile landet.

 

Tilsette ved Eid vidaregåande skule er ikkje fornøgde med lanseringa av dette og vil ha ein finger med i spelet på kva som skal skje denne kvelden. Kva skjer når dei tilsette ved Eid vgs går etter oppmerksomheita dei alltid har drøymt om? Blir det kjende nasjonale fjes eller blir det dei same gamle tilsette ved Eid vgs?

 

Revyen varer i om lag to timar inkl pause med kafe (lengd kan bli korta ned)

 

Billettprisar inkl avg:

Barn 160 kr

Student/ungdom 200kr

Vaksne 260 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.