SAGAS 16. april

SAGAS - Opera Nordfjord

Konserten er flytta til fredag 16. april 2021 

Konserten vart flytta frå 24. april 2020. Kjøpte billettar er flytta og gyldige på ny dato - billettkjøparane har fått informasjon om dette på e-post. 

 

Endeleg er SCORE tilbake med nytt samarbeid med Opera Nordfjord! Etter stor suksess våren 2017 med dataspelmusikk, innbyr operaen vi til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Nordfjordeid, Førde og Sogndal .

 

Vi tek deg med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå fantasysjangeren, i tillegg til klassikarar frå spelverda. Vi byr på kassasuksessar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, World of Warcraft, Carmina Burabna, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk frå den umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.


Konferansier vert inspirerande Fantasy-ekspert Orvar Sãfström, og Sabina Zweiacker er tilbake som solist med si vakre sopranstemme.

 

Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga fantasytilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 40-tals orkester og stort kor, samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule. Dirigent vert Michael Pavelich.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

 

Konserten varer i om lag 2,5 time inkl. pause.

 

Billettprisar inkl avg: 
Ordinær 475 kr

Student/ungdom 375 kr

Barn 275 kr


Rullestol? Kontakt post@operahuset.no eller Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 16 apr 19:00 SAGAS, Opera Nordfjord 475/275 Kjøp