Skulemusikalen

Musikalen SKJULT - flytta

INFO 24. MARS: Musikalen «Skjult» skulle framførast i Operahuset Nordfjord 26. og 27. mars. Det lar seg sjølvsagt ikkje gjennomføre, grunna den pågåande pandemien og smitteverntiltaka som er sette i verk.
Eid ungdomsskule, Stad kulturskule og Operahuset Nordfjord har framleis eit ønske og håp om at musikalen kan setjast opp. Det må i så fall skje siste skuleveka før sommarferien. Korleis situasjonen utviklar seg framover, avgjer om dette blir mogleg.
Framsyningane er difor førebels flytta til 16. og 17. juni.
Kjøpte billettar er gyldige på ny dato. 

 

Eid ungdomsskule og Stad kulturskule i samarbeid med Operahuset Nordfjord, set igjen opp skulemusikal. Det er sjette gongen kulturskulen og ungdomsskulen gjer dette.

 

Musikalen er også denne gongen sjølvskriven og det kjekkaste av alt er at musikken er skriven av vår eigen Aleksander Raftevold. Manusforfattarar er Hege Kristin Lillestøl Naustdal og Lise Rønnestad, og Dan Aasebø skal arrangere musikken. 

 

Over 100 elevar kjem til å fylle scena 26 og 27. mars 2020 i musikalen SKJULT.

 

SKJULT handlar om at livet er fullt av val som vi kvar og ein må ta, men den handlar òg om vennskap, familie og det å vere bra nok. Kort sagt, den handlar om ungdomstida på godt og vondt.

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert ca 25 min pause


Billettprisar inkl avg: 

Barn 100 kr

Ungdom 15-19 år og student 150 kr

Vaksne 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.