St. Olaf Orchestra 11. juni
St. Olaf Orchestra 11. juni

St. Olaf Orchestra

Tysdag 11. juni kl 19.00

Verdskjende og prisvinnande St. Olaf Orchestra frå Minnesota, USA, kjem til Nordfjordeid! Det skjer 14 år etter forrige norgesturné, då var dei med på feiringa av den norske frigjeringa. Classical Movements står bak konserten.

 

Steven Amundson har dirigert St. Olaf Orchestra i over 38 år, eit orkester som Time Magazine kalla «one of the best college orchestra in the nation». Dei vil framføre eit nøye utvald konsertprogram, med høgdepunkt som Overture to «The School for Scandal» av Samuel Barber, Tchaikovskys femte symfoni, Harry Potter-musikken til John Williams og sjølvsagt Edvard Grieg.

 

Sjå St. Olaf Orchestra framføre Richard Strauss under leiing av Amundson.

 

Klikk her for å lese meir om norgesturneen! 

 

Konserten varer i om lag 1 t 20 min inkl. pause. 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Ordinær 200 kr

Barn 100 kr

Student 100 kr

Gruppe på minst 4 pers 150 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 11 jun 19:00 St. Olaf Orchestra 200/100 Kjøp