Terje Sporsem: "Absolute norsk"
Fredag 29. oktober kl 19.00
Feelgood&iStage presenterer: Terje Sporsem, “Absolute norsk” - eit show om verdas aller aller beste land!
Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow der han skal prøve å finne essensen av Norge. Kva vil det eigentleg seie å vere norsk? Er vi framleis blåøygde lukkejegarar, eller har oljen gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid, vil Terje prøve å nærme seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk».
Dette er Terje sitt fjerde soloshow - og har premiere i hans 25-års jubileum som komikar. Dei tidlegare showa har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har plassert Terje som ein av dei fremste og mest samfunnsengasjerte komikarane i landet.
Regi: Arvid Ones
Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand", og det er opna opp for meir enn 200 publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til 29. oktober. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.
Showet varer i om 1 t 15 min, ikkje pause
Billettpris 435 kr inkl avg
Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no