Trio Mediaeval torsdag 6. september kl 19.00
Trio Mediaeval torsdag 6. september kl 19.00

Trio Mediaeval: Lova Line

Torsdag 6. september kl 19.00

Den verdskjende trioen har endeleg takka ja til ein turné i Sogn og Fjordane, i regi av Folkeakademiet. Konserten i Operahuset Nordfjord er den einaste i Nordfjord på turneen, dei andre konsertane er i Sunnfjord og Sogn.

 

Trio Mediaeval har oppdrag rundt om i heile verda og dei har vore både Grammy- og Spellemann-nominerte. Dei har vore festspelmusikarar på Festspillene i Bergen, medverka på «Andvake» av Jon Fosse ved Hordaland teater i år, og dei har hatt fire konsertar i Carnegie Hall i New York.

 

Trioen består av Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan.

 

Dei feira i fjor sitt 20-års jubileum, og gav då ut «Rímur» saman med jazzmusikaren Arve Henriksen: islandsk, svensk og norsk middelalder-, impro- og folkemusikk. Våren 2018 starta Jorunn Lovise Husan som nytt medlem i Trio Mediaeval etter Berit Opheim, og trioen held fram sine prosjekt som i sommar tar dei både til England, Østerrike, Polen, Belgia, Romania, Sogn og Fjordane og Gudbrandsdalen.

 

Trio Mediaeval vil framføre eit program med nordiske folketonar i egne arrangement og engelsk middelaldermusikk. I tillegg til songstemmene, trakterer trioen både hardingfele, indisk shruti box og stavklokker.

 

Publikum kan sjå fram til ein konsert med nyfunne perler som ein sjeldan høyrer i dag. 

 

www.triomediaeval.no

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 10 min (ikkje pause)

 

Billettprisar inkl. avgift:
Ordinær 290 kr
Barn, ungdom, student 150 kr
Gruppe på minst 5 personar 240 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 06 sep 19:00 Trio Mediaeval: Lova Line 290/150 Kjøp