Vårkonsert korpsa i Stad kommune

Vårkonsert korpsa i Stad

Søndag 8. mars kl 15.00

Alle ti korpsa i Eid, Selje og på Bryggja samlast til den aller første vårkonserten nye Stad kommune! Vårkonserten har lange tradisjonar i Eid kommune. I fleire tiår har korpsa samlast, og veksla på å vere arrangør. 

 

Kjølsdalen skulemusikk er arrangør i 2020, og dei slår på stortromma og har fått med seg alle ti korpsa i Eid, Selje og på Bryggja - altså nye Stad kommune! 

 

Frå vest til aust: 

Selje og Stadlandet skulekorps
Bryggja skulekorps
Ytre Nordfjord Brass
Kjølsdalen skulemusikk
Kjølsdalen musikklag
Stårheim skulekorps
Haugen skulemusikk
Nordfjordeid skulekorps
Eid musikklag
Hjelle skulemusikk

 

Konferansier: Thomas Hals

 

Kafé i foajeen før konserten, og i pausen blir det kafé og loddsal.

 

Hjarteleg velkomne til ein usedvanleg triveleg korpsettermiddag i Operahuset Nordfjord! 

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Billettprisar: Vaksne 190 kr, barn 30 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.



DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 08 mar 15:00 Vårkonsert korpsa i Stad 190/30 Kjøp