a-ha The Movie

a-ha The Movie følgjer Morten Harket, Pål Waaktaar-Savoy og Magne Furuholmen på turné, og fortel samstundes historia om tre tenåringar som drøymdee om å bli verdsberømde popstjerner.

 

Med ein unik tilgang på bandet i notid, samt bruk av ukjent arkivmateriale, fortel filmen korleis tre svært ulike kreative personlegdomar har gjeve oss stor musikk og internasjonal suksess. Men filmen viser også korleis skyhøge musikalske ambisjonar har ført til konflikt og trøblete vennskap i fleire tiår. Kan dei igjen skape musikk saman?

 

Då "Take On Me" toppa Billboard-lista i 1985 gjekk draumen i oppfylling. 35 år etter gjennombrotet er dei framleis enormt populære, og er Noregs største popsuksess gjennom tidene. "Take On Me" passerte sommaren 2019 éin milliard avspelingar på Youtube.

 

 

Lengde1t 39 min

Aldersgrense: Filmen er foreløpig ikkje aldersklassifisert av Medietilsynet. 

 

Premiere: 03.09.2021
Medverkande: Morten Harket, Paul Waaktaar-Savoy, Magne Furuholmen
Sjanger: Dokumentar
Regi: Thomas Robsahm, Aslaug Holm
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Euforia
 
 

Viktig billettinformasjon: 

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no. 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 27 sep 18:00 a-ha The Movie 100/80 A Kjøp