De åtte fjellene

De åtte fjellene

Pietro er ein stille og sky bygut, mens Bruno veks opp i ein fjellandsby i Alpane. Dit finn Pietro og foreldra hans vegen kvar sommar, og dei to gutane dannar eit heilt spesielt vennskap. Eit vennskap med få ord, med stor omsorg for kvarandre i pakt med naturen.
Pietro og Bruno blir ungdommar, og sidan vaksne, og fjella er det som formar dei, som held dei saman - og riv dei frå kvarandre.

 

De åtte fjellene er ein film om meininga med livet, eit livslangt vennskap og det sterke bandet dei har til naturen og fjella. Om at det er mogeleg å leite og finne sin plass i verda. Ei forteljing om ein person som er tilfreds med dei enkle tinga i livet og som har funne oppskrifta på lykke. Basert på boka med same namn av Paolo Cognetti. 

 

Lengde: 2t 27min

Aldersgrense med begrunning: 6 år / passar for vaksne 
Denne filmen inneholder enkelte scener med truende karakterer. Filmen får derfor 6- årsgrense.
Premiere: 10.02.2023
Originaltittel: Le otto montagne
Sjanger: Drama
Nasjonalitet: Italia
Språk: italiensk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Selmer Media
 
 
DAGkino måndag 20. mars kl. 13:00 - husk ordninga KINOVENN

Kjenner du ein eldre person som kunne tenkt seg å gått på kino, men treng litt assistanse for å få det til? Ta med deg han eller henne, så spanderer vi DIN billett! Billettar til både deg og den du har med deg ordnar du i skranken når de kjem til kinoen. 
Ordninga "Kinovenn" er ein del av tilbodet i "Den kulturelle spaserstokken" i Stad kommune, og rettar seg mot personar over 67 år.