Eg har ord

EG HAR ORD er ein humoristisk og leikande dokumentarfilm om ord: lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom.

Historia startar når rappartist og regissør Runar Gudnason reiser tilbake i tid for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar. På vegen møter han tidlege inspirasjonskjelder i Danmark, men finn ut at han også må heim til Hovdebygda i Ørsta og familien sin for å finne svara.

Gjennom rappmusikk, spoken word og ei personleg historie om tilhøyrsle og sakn, undersøker rapparen språket sine løyndomar.

 

Eidapremiere med regissørbesøk!

Eg har ord får "eidapremiere" torsdag 30. mars, med besøk av regissør Runar Gudnason! Etter filmen blir det ei samtale mellom kultursjef Geir Holmen og Runar, der dei snakkar om filmen og prosessen rundt den. Det blir mogleg å stille spørsmål frå salen. 

Sjå meir info i Facebook-arrangementet vårt! 

 

Lengde: 1t 30min
Aldersgrense med begrunning: 12 år
Tidvis grovt og seksualisert språk, med enkelte henvisninger til rusmidler. Filmen får derfor 12 års aldersgrense.
Premiere: 09.03.2023
Sjanger: Dokumentar
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2023
Distributør: Aldeles