Filmtyven

Filmtyven

Når du ikkie har nokon ting, kan ingenting stoppe deg. Historiar blir til lys, lys blir til filmar, og filmar blir til draumar...

 

Verkelegheita er best på film, ifølge eit gamalt ordtak blant filmnerdar – og det passar godt for hovudpersonen i denne fantastiske filmen, den gløgge 9-åringen Samay. Han bur saman med foreldra under enkle kår, men er ikkje heilt som dei andre gutane i gjengen. Ein dag er han så heldig å bli venn med den loslitte kinomaskinisten Fazal, som jobbar på kinoen Samay ofte rømmer til. Etter litt overtaling får Samay æra av å bli den nye assistenten i maskinrommet. For Samay er det ein draum å få bli kjent med magien ved å sette 35mm-filmen i maskina og sjå lyset gå på i salen gjennom luka – scener som tidlegare er udødeleggjort i den italienske klassikaren "Cinema Paradiso".

 

For alle som elskar film- og kinokultur er denne filmen eit utruleg vakkert kjærleiksbrev som sjarmerar, begeistrer og trollbind! Vi kan ikkje anna enn la oss fryde over kjærleiken og energien den unge Samaya investerer i kampen for å kome seg inn i maskinrommet. Historia er effektivt fortalt med strålande produksjonskvalitet i alle ledd, og med ein fantastisk skodespelarprestasjon av guten i hovudrolla. Filmen feirar tilbakekomsten og gleda ved å sjå meisterlege filmopplevingar på kino. 

 

 

«A haunting tribute to the power of the film. The most beautifully shot film of the year» - Hammer to nail

«Magnificent celebration of the power of cinema. Pure joy! Makes you fall in love with film again.» - Screen Riot

«A masterpiece! Fully expect this to be in the running for Oscars. Magical and wondrous beyond words» - Unseen Films

«As much as an Ode to movie-going, as movie-making. Absolutely breathtaking and heartbreaking» – First

 

Lengde: 1t 52min 

Aldersgrense med begrunning: 9 år
Denne filmen inneholder noe utrygge familierelasjoner og kortvarige voldsinnslag. Filmen får derfor aldersgrense 9 år.
Premiere: 27.05.2022
Originaltittel: Last Film Show
Sjanger: Drama
Regi: Pan Nalin
Nasjonalitet: India
Språk: gujarati - norsk teksting
Distributør: Another World Entertainment
 
 

Velkomen til INTERNASJONAL KINO!

I denne filmserien viser vi filmar med ikkje-vestleg opphav. Alle filmar har anten norsk eller engelske undertekstar, så du treng ikkje kunne talespråket for å henge med. Kom på kino og utvid filmhorisonten din! Prosjektet har fått prosjektstøtte av NFI si ordning for lokale kinotiltak, og skal fremje mangfaldet i kinotilbodet vårt. Sjå også vårt Facebook- arrangement her!

 

Welcome to INTERNATIONAL CINEMA!

This is a series of motion pictures from countries outside Europe and United States. All pictures comes with norwegian or english subtitles. Come to your lokal cinema and expand your movie horizon! The project is supportet financially by The Norwegian Film Institute (NFI) to promote the diversity of the offering in our cinema. See our Facebook-event here!