Finny & Leah - Den hemmelige øya

Bli med og oppdag den hemmelege øya saman med Finny og Leah!

 

Ombord på Noahs ark, som for tida flyt meningslaust rundt på havet, bur bestevenane Finny og Leah. Det har gått fleire veker og det er framleis ikkje noko land i sikte. 

 

Etter ein serie med uheldige hendingar vakner Finny og Leah plutseleg opp på ei aude øy – ei hemmeleg øy! Og det med all maten som var att på båten! Medan Finny befinn seg i ein koloni full av vesen som liknar merkeleg mykje på han sjølv, forstår han plutseleg at dei er truga av ein stor og farleg vulkan! Det blir eit kappløp mot tida, for no må Finny redde vennane sine, finne att familien sin, og redde ein heil koloni frå total øydelegging. Vil han klare det med hjelp frå sine gode vener?

 

Eit spennande og morosamt eventyr for heile familien!

 

 

Lengde: 1t 22min 

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Filmen inneholder enkelte dramatiske partier og litt skumle elementer. Da dette skjer innenfor et humoristisk tegnefilmunivers blir filmen tillatt for alle.

 

Premiere: 26.03.2021
Originaltittel: Two by Two
Norske stemmerAnders Bye, Silje Hagrim Dahl, Felix Fagerhaug, Henrik Horge, Katrine Blomstrand, Marit S. Berg, Savannah Schei, Preben Olram, Simen Sand
Sjanger: Animasjon / Barnefilm
Regi: Toby Genkel
Nasjonalitet: Irland / Luxembourg
Språk: norsk

Produksjonsår: 2020
Distributør: Selmer Media

 

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.