Heksene - norsk tale

Heksene - norsk tale

Roald Dahl sin høgt elska historie Heksene får nytt liv i Robert Zemecki sin visuelt innovative film!

 

Ein morosam og hjertevarm historie om ein ung foreldrelaus gut som i slutten av 1967 skal bu hos den kjærlege bestemora si i den vesle byen Demopolis i Alabama. Då guten og bestemora hans møter ei glamorøs, men djevelsk heks, søkjer dei tilflukt på eit overdådig hotell. Dessverre kjem dei til hotellet samstundes som Storheksa har samla alle «kollegaene» sine frå heile verda for å gjennomføre den onde planen hennar.

 

 

Filmen blir vist med norsk tale. 

 

 

Lengde: 1t 44min

Aldersgrense med begrunning: 9 år
Denne filmen har flere scener med skremmende skikkelser og forvandlinger. Da disse foregår i en eventyrramme med komiske elementer, får filmen 9-årsgrense.

 

Premiere: 21.05.2021
Originaltittel: Roald Dahl's The Witches
Skodespelarar: Anne Hathaway, Octavia Spencer, Stanley Tucci

Norske stemmer: Lena Meieran, Jonas Kruse Jåtog, Cathrine Bang Norum, Sindre Seip, Hans Marius Hoff Mittet, Frida Farnes Grjotheim, Espen Beranek Holm, Christoffer Staib, Dennis Storhøi, Erik Skøld, Katrine Blomstrand, Marit Synnøve Berg, Sarah McDonald Berge og Ylva Koch
Sjanger: Eventyr / Komedie / Familiefilm
Regi: Robert Zemeckis
Nasjonalitet: USA
Språk: norsk dub
Produksjonsår: 2020
Distributør: SF Norge

 

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

 

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.