Ingenting å le av

Kasper Berntsen (40) er ein vellukka standup-komikar som har alt han kan ynskje seg. Han køyrer faste show på dei beste klubbane i Oslo, han har ein vakker kjærast og trivst svært godt i rampelyset. Men så, gradvis, misser han grepet, blir for godt vant, følgjer ikkje med i tida og sluttar å fornye seg. Ein dag endrar alt seg.

 

Kasper sitt årlege juleshow blir avlyst og han blir bytta ut med ein ny «up-and-coming» komikar. Då han dagen etter går til legen får han vite at han har ein alvorleg sjukdom, og når ein ikkje trur det kan bli verre –så blir det nettopp det. Kjærasten hans gjer det slutt med han før han rekk å fortelje om diagnosen.


Det er då humoren kjem til sin rett. Kasper si dalande stjerne som standup-komikar får nytt liv når han brukar humor som avvæpnande og livgjevande kraft. Han oppdagar nye sider av seg sjølv, og ikkje minst - kva som er det viktigaste her i livet.

 

Dette er ein morosam historie om verdien av å ta livet på alvor. Og det viser seg at den som ler sist, ler best.

 

 

Lengde: 1t 47min

Aldersgrense med begrunning: 9 år

Denne filmen har enkelte dramatiske scener knyttet til sykdomsforløp og en tematikk som kan virke forstyrrende på yngre barn. Den får derfor aldersgrense 9 år.

 

Premiere: 10.09.2021
Originaltittel: Ingenting å le av
Sjanger: Komedie / Drama
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: SF Norge
 
 
DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 27 sep 20:30 Ingenting å le av 100/80 9 år Kjøp