INTERNASJONAL kino: The Man Who Sold His Skin

Filmen er ein del av filmserien INTERNASJONAL KINO, der vi viser filmar med ikkje-vestleg opphav. Alle filmar har anten norske eller engelske undertekstar, så du treng ikkje kunne talespråket for å henge med. Kom på kino og utvid filmhorisonten din! Prosjektet har fått prosjektstøtte av NFI si ordning for lokale kinotiltak, og skal fremje mangfaldet i kinotilbodet vårt. 

 

 

 

Sam Ali, ein ung sensitiv og impulsiv syrar, flyktar til Libanon for å sleppe unna borgarkrigen i heimlandet. For å kunne reise til Europa og leve med sitt livs kjærleik, godtek han å få ryggen tatovert av ein av verdas mest banebrytande samtidskunstnarar. Men Sam må snart innsjå at å omdanne sin eigen kropp til eit prestisjetungt kunstverk kan bety alt anna enn fridom...

 

"The Man Who Sold His Skin" er ein samtidsrelevant film basert på ein internasjonal krise som ligg langt framme i bevisstheita til oss alle. Filmen sin prisbelønna kvinnelege regissør, Kaouther Ben Hania, klarer å fange det menneskelege og gjengje kva desperasjon (og kjærleik) kan drive eit menneske til å gjere. Med beskrivelsen "ein allegori over den enkelte sin personlege fridom i eit ikkje-egalitært system", omhandlar filmen både overordna problemstillingar i flyktningdebatten, og meir djupsindige spørsmål som tap av verdigheit for å oppnå av fridom til å kunne gå der ein vil. Filmen er lauseleg basert på Wim Delvoye sitt kunstverk "Tim" fra 2006.

 

Lengde: 1t 44min

Aldersgrense

Språk: arabisk/engelsk/fransk med norske undertekstar

 

Premiere: 01.10.2021
Sjanger: Drama
Nasjonalitet: Sverige / Frankrike / Tyskland / Belgia / Tunisia
Produksjonsår: 2020
Distributør: Another World Entertainment
 

Viktig billettinformasjon: 

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no. 

 

 

 

 

THE MAN WHO SOLD HIS SKIN

This movie is a part of the series INTERNATIONAL cinema, a series of motion pictures from countries outside Europe and United States. All pictures comes with norwegian or english subtitles. Come to your lokal cinema and expand your movie horizon! The project is supported financially by The Norwegian Film Institute (NFI) to promote the diversity of the offering in our cinema. 

 

 

Sam Ali, a Syrian young man, took refuge in Lebanon to flee the Syrian civil war. There, he meets Jeffrey Godefroi, a famous tattoo artist, who makes Mr Ali's back his canvas for a piece of work. Soon, Mr Ali becomes aliving work of art, worth an astronomical sum on the art market,l. Collectors are interested, auction goes up, human rights activists are outraged. Mr Ali must get out of the predicament he's in; the man who sold his skin.

 

Duration: 1 hour 44 minutes

Age certificate

Language: arabian/english/french with norwegian subtitles

 

Genre: Drama
Countries: Sverige / Frankrike / Tyskland / Belgia / Tunisia
Year: 2020
Norwegian distributor: Another World Entertainment
 
 
IMPORTANT INFORMATION REGARDING PURCHASE OF TICKETS AND COVID--19: 
We are doing all we can to make sure you have a good and safe experience in accordance with the infection control rules. You can sit together with the people you share household with. Everyone else must buy single tickets. Our ticket system ensures that the necessary distance remains between you and the next ticket buyer. You must register your name and contact information when you buy a ticket. If you buy a ticket for others / more people, you must be able to state their name and telephone number in case of infection tracing. If you are ill or have sympthoms of covid 19, please stay at home.
 
If the infection situation, rules or recommendations changes and therefore have consequences for the event, we will contact the buyers of the tickets directly on e-mail. Please contact us at post@operahuset.no if you have any questions. 
 
 
 
DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 11 nov 20:00 The Man Who Sold His Skin 100 15 år Kjøp