INTERNASJONAL kino: Veien videre
Velkomen til INTERNASJONAL KINO!
I denne filmserien viser vi filmar med ikkje-vestleg opphav. Alle filmar har anten norsk eller engelske undertekstar, så du treng ikkje kunne talespråket for å henge med. Kom på kino og utvid filmhorisonten din! Prosjektet har fått prosjektstøtte av NFI si ordning for lokale kinotiltak, og skal fremje mangfaldet i kinotilbodet vårt. Sjå også vårt Facebook- arrangement her!
Welcome to INTERNATIONAL CINEMA!
This is a series of motion pictures from countries outside Europe and United States. All pictures comes with norwegian or english subtitles. Come to your lokal cinema and expand your movie horizon! The project is supportet financially by The Norwegian Film Institute (NFI) to promote the diversity of the offering in our cinema. See our Facebook-event here!
OMTALE
Veien videre er ein bittersøt roadtrip som har møtt beigeistra kritikk over heile verda, og allereie vunne ei rekke internasjonale filmprisar!
Vi møter ein familie i ein bil på landevegen ut av Teheran; mor, far, storebror,veslebror (ei urokråke og storsjarmør!) og den sjuke hunden deira. Stemninga i bilen er prega av både leik og alvor. Dei er på veg til grensa med den eldste broren, som foreldra seier skal til nabolandet for å gifte seg, men etter kvart begynner vi å ane kva som er det eigentlege formålet med reisa, kva det inneber for familien og kva konsekvensar det kan få for dei.
Filmen er humoristisk, sjølv om eit sårt bakteppe skin igjennom for oss gjennom heile reisa. Og ikkje minst skin veslebror gjennom lerretet, som ein rampete, humoristisk, irriterande og enerverande unge, som ein etter kvart blir veldig glad i!
Filmpolitiet trillar terningkast 5, les den fine anmeldelsen her!
Lengde: 1t 33min