Jul på Kutoppen

Søndag 28. november inviterer vi også til aktivitetsstund i foajeen! Du kan både få med deg barneteateret Du og eg og vi 2 -3 -4  i operasalen og kjekke aktivitetar og konkurransar i foajeen, i tillegg til kinoen! Sjekk ut Facebook- arrangementet vårt for meir info! 

 

Hurra! Gjengen på Kutoppen er tilbake, og no er dei klare for å feire jul! 

 

Bykalven Klara skal feire jul på KuToppen for fyrste gang og har store forventningar til kva som møter henne der oppe. Skuffelsen blir stor då pappaen Mosk ikkje bryr seg om jul, og ikkje har gjort i stand noko som helst. Mosk blir kalla ut på måkeoppdrag, men blir sittande snøfast på hytta til den ufordragelege Pauline! Då bestemmer Klara og bestevenen Gaute seg for å lage ei fantastisk jul på KuToppen for å overraske Mosk når han kjem tilbake.

 

Men korleis lagar ein ei perfekt jul? På Sætra bur det ein ekte juleekspert, den tverre geita Bærnt. Men Bærnt er så oppteken med sine eigne tradisjonar, og å vere ufrivilleg vertskap for den alternative høna Chickolina, at han ikkje har tid til å hjelpe Klara og Gaute.

Klara oppsøkjer i staden fjøsnissen som gøymer seg på låveloftet. Klara lagar graut til nissen for å få han til å hjelpe henne, men det Klara ikkje veit er at Nissen blir klin kokos dersom han får graut før julaftan! Klara og Gaute må finne ein måte å stoppe Nissen på før han legg heile garden i ruinar, og før Mosk kjem heim og oppdagar julekaoset Klara har stelt i stand.

 

 

 

Lengde: 1t 08min

Aldersgrense med begrunning: tillatt for alle. 

Filmen inneholder enkelte noe skumle scener med en nisse som forandrer atferd. Da disse scenene er kortvarige og foregår i en trygg og humoristisk ramme, antas filmen å ikke være skadelig for de yngste. Den blir derfor tillatt for alle.

 


Norske stemmerHenriette Faye -Schjøll, Marit Andreassen, Fridtjov Såheim, Charlotte Frogner, Mads Eldøen, Sigrid Bonde Tusvik, Jan Martin Johnsen, Thomas Seltzer
Sjanger: Animasjon / Barnefilm
Regi: Will Ashurst
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: SF Norge