Ninjababy

Ninjababy

Ninjababy er ei komedie om 23 år gamle Rakel, som fyrst når ho er seks månader på veg oppdagar at ho blei gravid etter eit lite romantisk one-night-stand. Rakel har aldri ynskt å bli mor, og reagerar med fornekting, sinne og frustrasjon. Ho føler barnet i magen har lurt henne: «Den er en fucking jævla sneaky ninjababy, som bare tror den kan gjemme seg der inne og kose seg, og så snike seg ut ni måneder senere.»

 

Når Ninjababy snart kryp ut frå Rakel sine teiknebøker og fram frå tankane hennar, tek det ikkje lang tid før han forstår at han må kjempe for si eiga framtid. Rakel på si side må navigere mellom det ho meiner er det beste for seg sjølv og det beste for barnet sitt – eller er det kanskje det same?

 

Ninjababy er ein rørende og morosam film om det å bli vaksen, og det paradoksale i kor uforberedt ein kan vere på å oppleve noko så naturleg som å bli gravid i sin mest fertile alder. Filmen er regissert av Yngvild Sve Flikke, og er basert på teikneserieromanen Fallteknikk av Inga H. Sætre. Sætre har også gjort animasjonane i Ninjababy.

 

✩✩✩✩✩ «Overraskende forfriskende» Marianne Lein Moe, iTromsø
✩✩✩✩✩ «Gjenkjennelig og overraskende, frekt og søtt på samme tid» Mode Steinkjer, Dagsavisen 5
✩✩✩✩✩ «Frisk, menneskelig og morsom (...) Kristine Kujath Thorp er strålende» Terje Eidsvåg, Adresseavisa

 

 

Lengde: 1t 43min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen inneholder scener med seksualisert språk og enkelte seksuelle skildringer. Den får derfor 12-årsgrense.

 

Premiere: 21.05.2021
Skodespelarar: Kristine Kujath Thorp, Arthur Berning, Nader Khademi, Tora Dietrichson, Silya Nymoen, Herman Tømmeraas
Sjanger: Komedie
Regi: Yngvild Sve Flikke
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Arthaus

 

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.