Nøff
Ni år gamle Babbe elskar dyr. Ho elskar dei faktisk så mykje at ho har blitt vegetarianar. Det ho ynskjer seg mest av alt i heile verda er ein eigen hund. Men det er dessverre heilt umogleg, sidan far er så allergisk. Ein dag dukkar hennar hittil ukjende bestefar opp, og han har med seg ein presang. Nemlig en svært morosam og allergivennleg kosegris! Babbe elskar sin nye venn, og behandlar vesle Nøff som om han var ein hund. Ho lærer Nøff å gje labb og hente pinnar og gjev han massevis av kjærleik. Heilt til ho ein dag finnut at bestefaren ein gang i tida var ein av dei sterkeste konkurrentane i det store pølsemesterskapet. Kan bestefar ha skaffa Nøff med skumle baktankar?
Lengde: 1t 12min