Tre nøtter til Askepott

Tre nøtter til Askepott

Korona-oppdatering etter 15. desember:

- Det er påbode med munnbind og dette må du ta med sjølv. I kinosalen har du lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt, fordi det der ligg inne ein meter avstand (to tome sete) mellom billettkjøparane.

- Born under 12 år treng ikkje bruke munnbind, heller ikkje dei som av medisinske årsaker eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Maks 50 personar i salen. 
- Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar.
- Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. 
- Viss du er sjuk eller har symptom, held du deg sjølvsagt heime.

 

Sjå også oppdatert informasjon på korona-sidene våre. 

 

Tre nøtter til Askepott er ein storslagen nyinnspeling av jula sin årlege nasjonaltradisjon. Bli med Askepott inn i snøtunge skogar og opp på det gnistrande norske høgfjellet i kampen mot den onde stemora. Det blir heseblesande ritt, briljant bogeskyting og sjølvsagt– slottsball med vanvittige kjolar og ein solid porsjon magi!

 

Popikonet Astrid S debuterar som skodespelar når klassikaren Tre nøtter til Askepott skal spelast inn i en ny, moderne og påkosta versjon. Selskapet bak spelefilmane om Kaptein Sabeltann og Julekongen står bak denne storsatsinga. Dei har samla et a-lag av norske filmarbeidarar både framfor og bak kamera for å bringe julemagi til kinopublikum over hele landet.  Stjernelaget framfor kamera blir  leia an av Astrid Smeplass som Askepott og Cengiz Al som prisen. Regien er ved Cecilie Mosli. 

 

Kvart år ser 800 000 nordmenn «Tre nøtter til Askepott» på NRK. Filmen tronar alltid øvst i kåringar av den kjæraste julefilmen, og er blitt ein viktig del av juletradisjonane til heile nasjonen.

 

 

Lengde: 1t 35min
Aldersgrense med begrunning: 6 år

Enkelte dramatiske scener og en karakter som kan vekke uro hos de yngste, gjør at denne filmen får aldersgrense 6 år

 

Premiere: 12.11.2021
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Distributør: Nordisk Film Distribusjon