Verdens verste menneske

Julie (Renate Reinsve) er snart 30 år. Ho har mange talent, men få resultat, og kjenner seg meir og meir som ein birolle i sitt eige liv. Kjærasten hennar, Aksel (Anders Danielsen Lie) – ein litt eldre og suksessfull teikneserieskapar – vil at dei skal stifte familie, men Julie held att. Ein kveld snik ho seg inn på ein fest der ho treff ein ung og sjarmerande fyr (Herbert Nordrum). Snart har ho forlete Aksel og kasta seg inn i nok eit forhold. Julie kjempar for å holde alle dører opne, men finn snart ut at nokre livsval allerede ligg bak henne.

 

Verdens verste menneske er en dramakomedie om kjærleik i vår tid. Om å ha alle moglegheiter her i livet, men fremleis føle seg som verdas verste menneske.

 

Regien er ved Joachim Trier, som tidlegare har hatt suksessfilmar som Reprise (2006), Oslo 31. august (2011), Louder Than Bombs (2015) og Thelma (2017). Manuset er skrive av Eskil Vogt og Joachim Trier sjølv. Filmen har hausta strålande kritikkar og fått gode mottaking, seinast på filmfestivalen i Cannes, der hovudrolleinnehavar Renate Reinsve også mottok prisen for beste kvinnelege skodespelar. 

 

 

 

 

Lengde: 2t 01min 

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Enkelte seksuelle skildringer gjør at denne filmen får aldersgrense 12 år.
 

Premiere: 15.10.2021

Sjanger: Komedie / Drama
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: SF Norge