Voyagers

Voyagers

Sett til ei nær framtid, blir 30 spedbarn sendt ut på eit livslangt oppdrag i verdsrommet. Oppgåva deira er eine og aleine å vekse opp, reprodusere seg med kvarandre og skape ei fersk befolkning til ein ny planet. Oppdraget tek ei uventa vending når passasjerane kjem i tenåra, og både hormon og instinkt blir sett ut av kurs. Vil dei klare å fullføre oppdraget, samtidig som individualisten i kvar og ein av dei startar å slå rot?

 

Voyagers er en thriller i romdrakt, frå regissøren som ga oss Divergent og Limitless, med Colin Farrell, Lily-Rose Depp og Tye Sheridan på rollelista.

 

 

Lengde: 1t 48min 

Aldersgrense med begrunning: 12 år 

Filmen har en gjennomgående mørk og intens stemning, samt enkelte voldsscener inkludert drap. Da disse er lite nærgående skildret får filmen aldersgrense 12 år.

 

Premiere: 30.04.2021
Skodespelarar: Colin Farrell, Tye Sheridan, Isaac Hempstead Wright, Lily-Rose Depp, Fionn Whitehead
Sjanger: Sci-Fi / Thriller
Regi: Neil Burger
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: United International Pictures
 
 
 

Korona-oppdatering 16. april, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og nabokommunar med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla. 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.