Koronainformasjon

OPPDATERT 21.01.22:

 

Operahuset følgjer dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale og lokale reglar, råd og retningslinjer, og vi forventar sjølvsagt at besøkande gjer det same: Helse Norge // Stad kommune 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post.

 

Du kan trygt kjøpe billettar til arrangement. Ved avlysing blir billettane refunderte, og ved flytting gjeld billettane på ny dato. 

 

 Hald deg heime og test deg når du er sjuk eller har symptom

I operasalen kan det på offentlege arrangement no vere maksimalt 265 publikummarar (halv kapasitet). Minst 65 av desse må vere på galleriet. Publikum nede og på galleriet blir då to kohortar som skal bruke separate garderobestativ og toalett. Billettkjøparane på arrangement får informasjon på e-post nokre dagar i forkant. 

Munnbind er påbode å bruke der ein ikkje kan halde ein meter avstand. Munnbind må du ta med sjølv. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke det, og heller ikkje medan ein et eller drikk sitjande.

• Vi oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand i ebillett-appen eller på www.operahuset.no  
Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. 

• Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Vi tek vare på denne informasjonen i 14 dagar, til bruk ved eventuell smittesporing. 

• Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. 

 Du må sitje i setet / seta du har kjøpt, grunna smittesporing

• Husk å halde avstand også i foajeen mm

  Ytterkle kan du ta med inn i salen eller henge på garderobestativ i foajeen

• Kinokiosken er open som vanleg på kinoframsyningar. På arrangement sel vi no vanlegvis ikkje kaffi eller forfriskingar elles. Det kjem eigen informasjon om dette til billettkjøparane på kvart arrangement. 

 

Ta gjerne kontakt med oss på post@operahuset.no om du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon!