Are Kalvø toppar VG-lista

TEATER VESTLAND: Are Kalvø toppar VG-lista

Torsdag 31. mars kl 19.00

Om popmusikken og meininga med livet.

 

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

 

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Kunstnarleg lag: Av Are Kalvø. Regissør Erik Ulfsby. Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad. Lysdesignar Per Willy Horn. Dramaturg Ingrid Weme Nilsen. 

Medverkande: Skodespelar Are Kalvø. Musikar Ståle Sletner. 

Are Kalvø Toppar VG-lista er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time - med atterhald om endringar

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 485 kr
Honnør 395 kr
Gruppe 5+ 395 kr
UNG ungdom 16-30 år 175 kr

BOB-medlem 395 kr - må vise medlemskort
Teaterven 385 kr - må registrere tilsendt promokode
 

Rullestol? Scenekort? Kontakt post@operahuset.no

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 31 mar 19:00 Are Kalvø toppar VG-lista 485 Kjøp