Flygelkonsert Christian Grøvlen

Flygelkonsert Christian Grøvlen

Torsdag 10. november kl 20.00

Velkomen til konsert med pianisten og komponisten Christian Grøvlen. På programmet står mellom anna Plagge, Sæverud og eigne verk. Alt framført på vårt unike Fazioli-flygel.

 

Christian Grøvlen har motteke Leonie Sonning talentpris, Robert Levin prisen og Statens kunstnerstipend. Han er utdanna ved Norges Musikkhøgskole, Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og Universität für Musik und darstellende Kunst Wien. I 2019 debuterte pianisten med Kringkastingsorkesteret, året etter med Operaens orkester, og han har gjeve ut to album.

 

Grøvlen er òg direktør for musikk og komponistheimane i KODE i Bergen. Han byrja å spele piano som femåring, og hadde allereie som 16-åring sin første konsert på Troldhaugen.

 

www.christiangrovlen.com 

 

Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.

 

Konserten varer i om lag ein time, ikkje pause.

 

Billettprisar inkl avg:
Ordinær 250 kr
Barn/ungdom/student 150 kr

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 10 nov 20:00 Flygelkonsert Christian Grøvlen 250/150 Kjøp