Riksteatret: Detektivbyrå nr. 2

Søndag 30. januar kl 17.00

Barn i Norge elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit helt nytt mysterium!

 

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til ditt kulturhus. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele framsyninga Hamlet?

 

Kvifor har det skjedd mystiske ulukker under heile turneen? Er teaterframsyninga forbanna eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spennande mysterium i teatret si magiske verd.

 

Kritikarane seier: 

 

"Mysterier i særklasse (…) denne forestillingen er virkelig noe av det smarteste på barneteaterfronten akkurat nå" Dagsavisen, 6

"Sterkt anbefalt" Tønsberg Blad, 5

"Teateret er et magisk sted. Kombiner det med detektivarbeid, og du har høstens beste barneforestilling." NRK

"Oser av kreativitet (…) Et opplagt ensemble full av energi og overskudd, bidrar til at det blir to spennende og høyst underholdende timer i teateret" Vårt Land

"Frydefullt og fascinerende (..) en overskuddsprega hyllest og introduksjon til teateret" Periskop

"Sjarmerende (..) glitrende spill" Dagbladet

 

Vi gler oss til å sjå deg i operahuset! Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til framsyninga. 

 

Passar for barn frå 5 år og oppover. 

 

Riksteatret lanserer eit heilt nytt minivideospel i samband med framsyninga. Klarer du å løyse gåta og finne Åtto? 

 

På scena: Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Team: Regissør Hilde Brinchmann, scenograf Paul Sebastian Garbers, kostymedesignar Helena Andersson, assisterende designar Signe Gerda Landfald, lysdesignar Martin Flack, lyddesignea og komponist Eirik Myhr, produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen

 

Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes

Produsert av Riksteatret

 

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til januar. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

 

Framsyninga varer i om lag to timar inkludert pause.

 

Billettprisar:

Ordinær (barn, vaksen, pensjonist, student) 275 kr

Familiepris (gruppe 4 eller fleire) 225 kr 

Samarbeidspartnarar 225 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

Coop-medlem 220 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 30 jan 17:00 Detektivbyrå nr. 2 275 Kjøp