Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert
Måndag 18. desember 2023 kl 19.00
Seks år har gått sidan Eva Weel Skram slapp sin første julesong, og dei siste åra har ho starta ein kjærkommn tradisjon med å spele julekonsertar, med alle sine julefavorittar i bagasjen.
Eva har gong på gong bevist at ho er ein mester på å tolke andre sine låtar, og alle som har opplevd ein av hennar julekonsertar kan skrive under på at Eva og hennar musikalske kumpanar meistrar å flette saman tradisjonsrike julesongar med storslagne julehits på ein dynamisk, underhaldande og stemningsfull måte. Her er det duka for ein kveld med smittande humør og musikalske perler på ei snor.
Ein av Eva sine første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske juleklassikarar, og har etter kvart fått følgje av «Falle til ro» som Eva skreiv til Netflix-suksessen «Hjem til jul», samt tolkingar av juleklassikarar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm».
Velkomen!
Billettpris 595 kr inkl. avg.
Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no