Flygelkonsert: Store romantikarar
Onsdag 3. mai kl 19.00
Dei store romantiske komponistane frå 1800-talet står på programmet når den polske meisterpianisten Greg Niemczuk kjem til Operahuset Nordfjord for tredje gong. Han gjorde stor suksess både i 2019 og 2022.
Publikum får denne gongen høyre musikk av Brahms, Chopin, Mendelssohn, Grieg, Schubert, Schumann, Liszt og Verdi. Alt framført på vårt unike Fazioli-flygel.
Greg Niemczuk har dei siste 14 åra spelt over 400 konsertar i 31 ulike land. Sjølv om Greg turnerer heile verda rundt – spesielt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått ei helt spesiell tilknyting og kjærleik til Norge. Han får stadig større fotfeste, kvart år gjennomfører han to større turnear her, og han kallar Norge for sitt andre fedreland.
I tillegg til å vere ein svært dyktig pianist, er Greg Niemczuk også hyggeleg, venleg, open, utadvendt, smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takknemleg.
Konsertprogram Grzegorz Niemczuk - Store romantikere
Konserten varer i om lag to timar inkludert pause
Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 260 kr
Barn, ungdom, student 160 kr
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.