Pianokonsert 29. april - AVLYST
Pianokonsert 29. april - AVLYST

Meisterverk frå Polen og Norge – ei musikalsk reise - AVLYST

Torsdag 29. april kl 19.00

Konserten er avlyst. Billettane blir refunderte, billettkjøparane har fått informasjon på e-post.   

 

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk (34) spelte ein fantastisk Chopin-konsert her i Operahuset Nordfjord i mai 2019. Det begeistra og entusiastiske publikummet nærast kravde å få han tilbake. Og no er han her igjen! 


Greg Niemczuk har deu siste 14 åra spelt over 400 konserter i 31 ulike land. Hans sensitive og poetiske tolkingar, kombinert med vakker klangbehandling og lidenskapleg virtuositet, har gjort han til ein favoritt blant publikum og presse særleg i Europa, Asia og Sør-Amerika. Carnegie Hall-debuten hans ble beskrevet i The Epoch Times som «full av flyt og frihet i linjene, et ekstremt bredt dynamisk spekter - fra øredøvende fortissimoer til hviskende pianissimoer - klanglig variasjon og glitrende virtuositet».


Over alt der Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovudgrunnen er naturlegvis at han er ein så dyktig pianist, men også fordi han er ein hyggeleg kar: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takknemleg. 


Greg Niemczuk har no heile verda som arena. Han har spelt i alle verdsdelar og i dei fleste europeiske land. Men kvart år turnerer han i Norge, eit land som betyr meir og meir for han. Greg kallar Norge for sitt andre heimland.

 

På konserten får publikum oppleve eit knippe av dei vakrastae musikkstykka frå dei to landa som betyr mest for han: Polen og Norge. Det blir musikk av mellom andre Chopin, Grieg, Sæverud, Tveit og Sinding. Konsertprogrammet inneheld mellom anna Kjempeviseslåtten, Til våren, Grande Polonaise Brillante og Holberg suite. 

 

Korona-oppdatering 23. februar og 20. januar, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande kommunar med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Konserten varer i 45 minutt x 2 med 15 minutt pause mellom avdelingane.

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 260 kr

Barn 160 kr

Ungdom/student 160 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.