Hanne Krogh og Alexander Rybak

Hanne + Alexander = SANT!!!

Fredag 28. mai kl 19.00

Felles for Hanne Krogh og Alexander Rybak er lidenskapen for å underhalde publikum og at dei begge har vunne sjølvaste finalen i "Eurovision Song Contest", Melodi Grand Prix. 


Alexander er fiolinist, songar, komponist og artist av internasjonal toppklasse.
Hanne Krogh er ein unik formidlar av tonar og tekst - med ei befriande humoristisk form.


Kva fører dei saman? Ein sterk kjærleik til scena og ei gjensidig tru på at deira felles talent kan glede publikum med ein sprelsk, oppfinnsam, artig og vakker konsert.

Artistar: Hanne Krogh, Alexander Rybak
Songarar: Anne Tove Øvrebø, Hibbi Mannes, Ingebjørg Andrea Ådnanes
Musikarar: Svein Ragnar Myklebust, keyboard. Knut Bjørnar Asphol, gitar. Alexander Rybak, fiolin
Lydansvarleg: Espen Alexander Husby

 

Korona-oppdatering 16. april, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og nabokommunar med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Konserten varer i om lag 1 t 20 min, ikkje pause.

 

Billettpris 495 kr inkl avg

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 28 mai 19:00 Hanne Krogh og Alexander Rybak 495 Kjøp