Riksteatret: Jeanne d´Arc

Riksteatret: Jeanne d’Arc

Tysdag 1. november kl 19.00

Korleis kan ei ung jente bli eit ikon for ei heil verd?


Historia om Jeanne d'Arc har engasjert og fascinert gjennom århundrar. Livet hennar var like dramatisk som det var kort. Bondejenta blei berre 19 år, men rakk å leie soldatar i krig, krone ein konge og tenne eit håp som skulle bli vendepunktet i Frankrike sin hundre år lange krig mot England.

 

I dag, nesten 600 år seinare, kjempar vidt forskjellige grupper om eigarskapen til Jeanne. Katolikkar, nasjonalistar – alle vil ha henne som sin frontfigur. Kven var Jeanne d'Arc, og kvar kom motet hennar frå? Kva er det med skjebnen hennar som framleis gjer inntrykk på oss – lenge etter at ho blei brent på bålet, og gjort til helgen?

 

- Eg er interessert i mennesket Jeanne d'Arc. Ei så ung kvinne på 1400-tallet som klarer det utrulegaste. Kva drive ei ung jente til å få til alt dette? Ho stod opp mot makthavarae, og det vitnar om ein person med høg integritet og stor drivkraft. Det er dei menneskelege aspekta eg er interessert i, seier regissør Eline Arbo.

 

«Strålende teater!» Dagbladet, 6

"Usedvanlig vellykket" Morgenbladet

«Jeanne d’Arc er både vakker og grusom» Aftenposten
«Dette er fascinerende intenst, stramt og interessant teater med gode prestasjoner» Klassekampen

«Monica Dybwad gjør en kraftprestasjon som Jeanne d’Arc» Dagsavisen
"Skodespelarprestasjonane, scenografien, lys og musikk gjer dette til ein fornøyeleg og underhaldande framsyning" Scenekunst.no
"Minneverdig: Historien om Jeanne d’Arcs liv og skjebne er både opprørende og inspirerende" Vårt Land

 

OPPLEV MEIR: GRATIS INTRO! Kl 18.15 held Nobels Fredssenter gratis introforedrag i foajeen. Tittelen er "Kva er vi villige til å kjempe for i dag?" Fredssenteret er invitert med på turné i kraft av å vere forvaltar av nokre av vår tids viktigaste historier om menneske som kjempar for noko større enn seg sjølv.

 

Med Monica Dybwad, Mats Moe, Eirik Langås Jørgensen, Oscar Jean, Elias Moussaoui Anseth og Gorm Grømer.

Av Lucas Svensson. Omsett av Oda Fiskum. Bearbeida av Eline Arbo. Regissør Eline Arbo. Scenograf Olav Myrtvedt. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist Thijs van Vuure. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Dramaturg Oda Radoor. Produsent Silje Vigerust Vinjar.

 

Anbefalt aldergrense 15 år

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time, ikkje pause

 

Billettprisar:

Ordinær 415 kr

Samarbeidspartnarar 335 kr. Må oppgje kode frå LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Kulturforbundet i Delta, Vi over 60 , Norsk bibliotekforening eller Teatervenner.

Gruppe på minst 10 personar  335 kr 

Honnør 335 kr

Coop-medlem 315 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Alle under 30 år 175 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 01 nov 19:00 Riksteatret: Jeanne d´Arc 415 Kjøp