Songar av Joni - ein hyllest til Joni Mitchell
Torsdag 11. mai kl 19.00
40 år etter at Joni Mitchell heldt sin einaste konsert i Noreg, og same året som ho fyller 80 år, kan du oppleve eit knippe av hennar fantastiske songar framført av lokale, nasjonale og internasjonale artistar:
Siril Malmedal Hauge med band
Duoen "Roses for Joni" frå Italia
Christina Friis-Nielsen frå Danmark
Emma Sævik
Vegard Kvamme Holum
Koret Tolvtetten
Orkester med strykarar og blåsarar
Orkesterleiar Magnus M. Joelson
Siril Malmedal Hauge med band er av Fosnavåg konserthus invitert til å setje saman tributekonserten. I tillegg har dei invitert duoen "Roses for Joni" frå Italia og Christina Friis-Nielsen frå Danmark.
Dei har kome fram til ei form og eit innhald på konserten som kan bli spektakulært og mektig.
Operahuset Nordfjord er så heldige at vi får besøk av konserten, til liks med Parken kulturhus i Ålesund.
Siril Malmedal Hauge frå Langevåg, busett i Oslo har med seg Kjetil Mulelid på piano, Martin Morland på bass, Henrik Lødøen på trommer, Martin Myhre Olsen på sax og Torgeir Hovden Standal på gitar.
Orkesteret, som har fått namnet "Wild Things Run Fast-orkesteret" er samansett av Ålesund strykekvartett i tillegg til instrumentalistar på trompet, horn, tuba, trombone, fløyte, obo, klarinett, perkusjon og harpe.
Orkesterleiar Magnus Murphy Joelson skal skrive arrangement for kor og orkester.
Konsertane er støtta av Sparebanken Møre, Sparebanken Søre Sunnmøre, Havila, REM, Olympic kulturfond samt Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet
Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 45 min, ikkje pause
Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 495 kr
Student 445 kr
Gruppe 10+ 445 kr
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.