Julero med vokalensemblet Pust
Onsdag 30. november kl 19.30
Det kritikarroste vokalensemblet PUST er noko heilt unikt. Ein konsert med dei byr på eit uføreseieleg møte med den menneskelege stemma, der dei seks ulike stemmene i gruppa skapar ein magisk, mektig og leiken samklang.
PUST er:
Camilla Susann Haug - sopran
Anne Hilde Grøv - mezzo
Elisabeth Anvik - alt
Jostein Hasselgård - tenor
Håvard Gravdal - baryton
Mads Iversen - bass
Julealbumet med same tittel som denne konserten, «Julero», vart av kritikarane kalla «En juleplate for evigheten». Aftenposten anbefalte denne plata som ei av ti juleplater du berre «må ha» i samlinga i saman med julemusikk av mellom andre Frank Sinatra, Elvis og Ella Fitzgerald.
Albumet «Lengt etter lys» kom for to år sidan. Vokalensemblet sitt sjette album inneheld både nykomponerte og meir kjende julesongar. Vokalensemblet har turnert med denne julekonserten i ein del år. Nok ein gong hausta PUST lovord. Plata fekk topp score av amerikanske RARB - The Recorded A Cappella Review Board - og blei framheva som eitt av årets album (picks of the year). Tor Hammerø skreiv følgjande: «Det er altså en så vanvittig vakker klang i og av PUST både individuelt - og ikke minst kollektivt, at hvis ikke julefreden senker seg under avlytting av «Lengt etter lys» så bør man nesten søke profesjonell hjelp».
Konserten varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause
Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 350 kr
Barn/ungdom/student 250 kr
Gruppe på minst 10 pers. 250 kr
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.