Julesong 10. desember

Julesong 2021

Fredag 10. desember kl 18.00

Den dyktige gjengen frå Sogn inviterer til julekonsert med solistane Gunn Kvaale, Einar Bolstad og Kari Malmanger i spissen. 

 
Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

 

Kremlaget som dannar "Julesong 2021" vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og Fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “ NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julaftan 2014.

 

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning du òg.

 

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til desember. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

 

Konserten varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause.

 

Billettpris 400 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 10 des 18:00 Julesong 2021 400 Kjøp