La Traviata, Opera Nordfjord

La Traviata, Opera Nordfjord

28. september - 8. oktober

Når dei skjøre og vakre tonane i overtüren til La Traviata fyller sansane og smyg seg under huda på premieredagen 28. september 2022, er det snart 23 år sidan sist ein kunne høyre dei same tonane frå operaorkesteret på Nordfjordeid.

 

Igjen skal vi få møte den skjønne Violetta og følgje den intense, men forbodne kjærleiken mellom henne og Alfredo. Det vert opera på liv og død når Verdi sitt store meisterverk igjen skal komme til liv i regi av opera Nordfjord, denne gongen med Arne Fagerholt som regissør og koreograf. Han har med seg Trude Amaile Leirpoll som regi- og koreografassistent.

 

I hovudrollene møter vi sopranen Lydia Hoen Tjore som Violetta, Marius Roth Christensen som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont, far til Alfredo. I dei andre rollene møter vi mellom anna Elisabeth Gimmestad frå Gloppen som Annina, Nora Oleanne Sårheim frå Florø som Flora, Eivind Kandal frå Gloppen som Gastone og Eirik Egeberg Jensen som doktor Grenvil.

 

I tillegg kjem ei rekkje mindre roller som vert fylte av lokale heltar. Operakoret og dansarar er på plass i dei store festscenene – det er duka for feststemning, når kormeister og dirigent Michael Pavelich leier kor og orkester i ein forrykande Brindisi!

 

Scenograf Yngvar Julin og kostymedesignar Nora Furuholmen skal saman med lysmeister Ovar Holmen, maskør Maren Togstad og rekvisitør Anndi Bergset skape eit elegant og fargerikt scenebilete og fantasifulle kostyme, som garantert vert ein fryd for auget.

 

Opera Nordfjord lovar sitt publikum ei magisk, meiningsfull og rørande operaoppleving, løfta fram av den vakraste operamusikken som tenkast kan… Velkomen til ein ny og annleis La Traviata.

 

Framsyninga varer i om lag 2,5 timar inkl. pause. 

Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 495 kr

Ungdom t.o.m. 19 år / student med studentbevis 375 kr

Barn til og med 14 år: 275 kr

Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no