Landet bakom blått 14. okt

Landet bakom blått 

NY DATO: Fredag 14. oktober kl 19.30

Konserten er flytta frå 19. mars til 14. oktober. Kjøpte billettar er gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått e-post med informasjon.

 

Stardalen mannskor inviterer til konserten "Landet bakom blått". Gjennom nokre av Odd-Erik Lothe sine songar føl vi draumen om eventyret bakom blånene, utferdstrongen til lands og til havs, og seinare lengten heimatt til røtene.

 

Songaren, musikaren og komponisten Odd-Erik Lothe frå Kjølsdalen deltek sjølvsagt på konserten. Trygve Apalset er musikalsk leiar, Synnøve Nordvik deltek også som solist, og orkesteret er sett saman av Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt

 

Stardalen mannskor har gjort stor suksess med konsertprosjekt som til dømes "Vi vandrar saman i Nynorskens skog", sist i sjølvaste Grieghallen i oktober. Før jul skal dei halde julekonsertar i tre kyrkjer saman med Tomm Kristiansen. I mars blir det ny turné med nytt prosjekt. "Landet bakom blått" kan opplevast i Førde, Sogndal, Sandane og Nordfjordeid. Dette er første gongen Stardalen mannskor har konsert i Operahuset Nordfjord. 

 

Konserten varer i om lag 1 t 20 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 480 kr

Born og skuleungdom 300 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 14 okt 19:30 Landet bakom blått 480 Kjøp