Mens vi venter på no' godt

Nationaltheatret og All Things Live presenterer stolt:

 

«MENS VI VENTER PÅ NO´ GODT»

Med Linn Skåber og Ine Jansen

Laurdag 5. november kl. 19.00

Linn Skåber og Ine Jansen er vener og skodespelarar. Dei ville gjerne gjere noko saman. Linn ville spele Samuel Becketts klassikar "Mens vi venter på Godot", men Ine var meir usikker: To menn med bowlerhattar som ventar på noko som ikkje kjem, liksom? Dei gjekk til teatersjefens kontor. Så viser det seg at kvinner rett og slett ikkje kan spele "Mens vi venter på Godot". Det har Samuel Beckett bestemt.
Kvifor? Har ikkje kvinner eksistensielle kriser? Eller dødsangst? Kan ikkje også kvinner kjenne på følelsen av å vere på eit slags venterom, før livet verkeleg byrjar? Opplever dei ikkje absurdismen i dagleglivet? 

 

Eller er det noko med prostata?
Ein av karane i "Mens vi venter på Godot" driv og tissr heile tida. Men det kunne Linn og Ine fiksa med litt blærekatarr.


Så Linn skreiv eit nytt stykke. Om to kvinner midt i livet og den snikande følelsen av at det kanskje ikkje varer evig. Det er noko med ungane som nesten har flytta heimanfrå og ikkje ringer. Og så handlar det om religion, hund, feminisme, mobildekning – og litt om politisk ukorrekthet.

Regissør Catrine Telle set det heile i scene. Emilie Christensen og Ingeborg Mohn i bandet. No. 4 har komponert musikken. "Mens vi venter på no’ godt" er ei forteljing om livet som rasar av garde, om tida som kan vere lang og kort og om alt som endrar seg, til og med Bristol.

 

 «En lekende teaterstund klonet med den fornøyelige kunsten å holde kjedsomheten på en armlengdes avstand. » Dagsavisen

 

Arrangementet varer i om lag 75 min., ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Ordinær 545 kr

Gruppe 10+ 520 kr

Student 475 kr (må vise studentbevis)

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 05 nov 19:00 Mens vi venter på no’ godt 545 Kjøp