Mio, min Mio

Mio, min Mio - Riksteatret 

Torsdag 8. september 2022 kl 16.30 og 18.30

Mio, min Mio er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker forteljing om sakn og einsemd, venskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre.

 

Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk, skjer det noko merkeleg. Han blir ført til Landet i det Fjerne. Der ventar far hans Kongen, som har lengta etter han sidan han blei fødd.

 

Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til "Årets beste barneforestilling", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleve teatereventyret der dei sjølv bur. 

 

"En fantastisk opplevelse" Romsdals Budstikke (6)

"Magiske, mytiske Mio" Sunnmørsposten (5)

"Det er ikke få voksne som har kommet hulkende ut fra denne sterke barneforestillingen." Hedda-juryens begrunnelse

 

Aldersgrense 6 år. 

 

Team: Regissør Hilde Brinchmann, scenograf Paul Sebastian Garbers, kostymedesignar Helena Andersson, komponist og lyddesignar Eirik Myhr, lysdesignar Jonas P A Fuglseth og produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. 

Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering Forlag: Nordiska A.p.S - København. Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.

 

Framsyninga varer i 1 time 10 min (ingen pause).

 

Avgrensa antal plassar! Unummererte sete på denne framsyninga. 

  

Billettprisar inkl. avg., per person: 

Ordinær 275 kr: Barn, vaksen, pensjonist, student

Familiepris 225 kr: Gruppe på minst 4 personar

Samarbeidspartnarar 225 kr: DNB, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Må oppgje tilsendt kode frå samarbeidspartnar. Maks 4 billettar. 

Coop-billett 220 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 billettar.  

  

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no