Ein kveld med Morten Krogvold
Torsdag 26. oktober kl. 18.30
Vi inviterer til eit unikt møte med sjølvaste Morten Krogvold!
Morten Krogvold er ein inspirerande, arbeidsam, energisk og raus fotograf med djup kunnskap om kunst og fotografihistoria. Hans kreative prosjekt, prega av eit sterkt fokus på tidløyse og livets forgjengelegheit, kan ta fleire tiår å utvikle seg. Den unike foredragshaldaren og pedagogen har halde workshop, seminar og foredrag i meir enn 20 land, leia TV-program og gitt ut bøker. Han er spesielt kjent for sine svart-kvitt-portrett av kunstnarar, politikarar og kjendisar, men motiva hans består også av natur og klassisk arkitektur. Morten vart i 2005 utnemnt til Ridder av St. Olavs Orden.
I tillegg til foredraget, vil han vise og gå gjennom utvalde innsende fotografi på det store lerretet i operasalen. Alle er velkomne til å sende inn bilete for vurdering!
Send til post@operahuset.no innan 20. september.
Program for kvelden:
Kl. 18.30: Foredrag med Morten Krogvold
Kl. 20.00: Kort pause, ein kan velje sjølv om ein vil gå eller få med seg neste del:
Kl. 20.15: Portfolio review - Morten Krogvold viser og går gjennom inntil 25 utvalde, innsende fotografi
Kl. 21.15: Arrangementet slutt
Hjarteleg velkomen til å møte Morten Krogvold og oppdage hans djupe og innsiktsfulle perspektiv på livet og tilværet!
Billettpris 395 kr inkl. avg.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.