Norvald Dahl & Kike Perdomo

Norvald Dahl & Kike Perdomo

Torsdag 9. juni kl 20.00

Bli med på operascena og opplev eit fabelaktig duoprosjekt av internasjonalt format: den sunnmørske jazzpianisten Norvald Dahl og den spanske saksofonisten Kike Perdomo

 

Dahl og Perdomo har tidlegare jobba saman i bandet SpaceRiders, som har turnért i Noreg, Spania og Tenerife. På operahuskonserten får vi oppleve deira eigne komposisjonar for duoformatet piano og saksofon. Komposisjonane er 100 prosent originale, og hentar inspirasjon frå artistar som Herbie Hancock og Wayne Shorter, så vel som frå frå moderne jazz og 1900-tals europeiske komponistar. Musikken er melodiøs og med avansert harmonikk og rytmikk. 

 

Pianist Norvald Dahl (1978) er frå Fosnavåg og har nyleg gitt ut sitt tredje album som musikalsk leiar. Han fullførte i 2019 mastergrad i jazzpiano ved Norges Musikkhøyskole og har tidlegare studert jazz ved både Rogaland Musikkonservatorium og NTNU i Trondheim. Dahl har dei siste åra vore ein aktiv frilansmusikar og pedagog, og har i tillegg leia ei rekkje spennande musikalske prosjekt av både nasjonal og internasjonal karakter. Han er kanskje mest kjent for samarbeidet med den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og som pianist i "Wayne Brasel kvartett", men han har i det siste turnert med det nye trio-prosjektet "Pandemic Solution». Det er ein ny pianotrio, i samarbeid med Håkon Mjåset Johansen og Ingebrigt Håker Flaten! Dahl har turnert i land som Norge, Irland, Frankrike, Spania, Ukraina, og spelt på klubbar som BeFlat-Madrid, Jamboree-Barcelona, JJ Smyths-Dublin og LaGare-Paris.

 

Saksofonist Kike Perdomo (1961) er ein av dei mest profilerte musikarane i Spania, og utkåra som Tenerife sin eigen «jazzambassadør»
Perdomo har lang fartstid som bandleiar, komponist, produsent og jazz-pedagog. Han er kanskje mest kjent igjennom grupper som Kike Perdomo Quartet, Big Band de Canarias, Imazighen, Collective, Nuclear Jazz Professors og David Quevedo Quartet, men han har jobba med eit utal musikarar i USA og Europa, deltatt på utallige plateinnspelingar og gitt ut 11 plater i eige namn. Spesielt vakkert er kanskje samarbeidet med flamenco-stjernen Chano Dominguez: https://www.youtube.com/watch?v=XjsnMMfoz2o 

 

Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.

Konserten varer i om lag ein time, ikkje pause. 

 

Billettprisar inkl avg: 
Ordinær 250 kr

Barn/ungdom/student 150 kr

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 09 jun 20:00 Norvald Dahl & Kike Perdomo 250 Kjøp