Peder Kjøs: Foredraget "Hvem er du?"
Måndag 17. oktober kl 20.00
Kven er du? Kva vil du? Tør du å vere deg sjølv?
Eit underhaldande og tankevekkande foredrag om dei heilt store spørsmåla i livet: om sjølvinnsikt, handlekraft og fellesskap, og om skam, angst og einsemd. Korleis kan vi samle oss og bruke kreftene våre til vårt eige og andre sitt beste i ei oppjaga, kaotisk verd?
Foredraget bygger på kunnskap frå psykologi, filosofi, kunst og historie. Peder fortel også frå sitt eige liv og sin praksis som terapeut i meir enn tjue år. Han brenn for eit ope samfunn der vi tør å dele problema våre.
Peder Kjøs er ein av dei mest profilerte psykologane i landet. Han sette psykisk helse blant unge på dagsorden i den prisløna NRK-serien «Jeg mot meg» og i podkasten « Hos Peder» og «God bedring». Han har gitt ut fleire bøker som har fått svært gode tilbakemeldingar.
Foredraget byrjar kl 20.00 og varer i om lag ein time
Billettpris 390 kr inkl avg
Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.