Russerevyen 2022: Succession

Russerevyen 2022: Succession

Fredag 25. februar kl 19.00
Laurdag 26. februar kl 18.00

Alfred Bjørlo har gått av som ordførar og kampen om den ledige stillinga blir brutal når den er open for alle. Kor langt vil folk gå for å nå toppen? Vil det gå for langt? 

 

Kom på russerevyen og finn det ut!

 

Russerevyen i 2021 måtte avlysast grunna korona. 2020-russerevyen heitte "Lockdown" og handla om ein epidemi som snudde kvardagen på Eid vidaregåande skule på hovudet. Berre nokre veker etterpå vart det nasjonal koronanedstenging!

 

Det skal godt gjerast å treffe like skremmande godt med temaet ein gong til. Men kven veit?...

 

Eidarussen 2022 gler seg til å underhalde publikum i alle aldrar! 

 

Revyen varer i om lag to timar inkludert pause med sal av kaffi og kaker. Lengda kan bli endra. 

 

Bilettprisar inkl. avg.:
Barn 160 kr
Student/ungdom 200 kr
Vaksne 260 kr

 

Rullestol, følgjekort, ledsager? Kontakt post@operahuset.no